Mykje regn og store elvar
Mykje regn har ført til store bekkar
Vestlandet og Sunnylven har i dag hatt mykje regn av ekstremveret «Jakob». Så langt har det gått bra i Sunnylven.
Siste dag i oktober kom «Jakob» med masse regn. Det starta etter midnatt 31. oktober og heldt fram heile dagen etter. Framleis regnar det godt, men ikkje ekstremt.
Meterologen har meldt at det skal halde fram også dagen etter, om ikkje like intenst som fyrste dag. .Sjølv om det har egna godt har nok Sunnylven opplevd det verre før.
I dag har vi sett bekkar og elva vekse, men Bygdaelva har vore større. Det same har Hellesyltfossen vore, siste strekka av Dalaelva og vassdraget der.
At det har vore ein våt dag i Sunnylven er det derimot ingen tvil om.
Det skal halde fram fredag også, melder vermeldinga. Det blir kaldare og snø i fjella.