Ønskjer bedre veterinærteneste
Leif Arne Fivelstad held fram som leiar i Sunnylven og Stranda bondelag
Veterinærtenesta i Stranda må bli betre. Det var dei frammøtte på årsmøtet i Sunnylven og Stranda bondelag samde om, for mangel på veterinær har skapt problem for fleire.
Mangel på veterinærteneste i Stranda var saka som flest kommenterte på årsmøtet i Sunnylven og Stranda bondelag.
Tidlegare var der to veterinærar, men no er det berre ein igjen i heile Stranda og Sykkylven kommune.
Det er for dårleg, det går på velvære og dyrehelse laus, så i enkelte naudstilfelle har dyreeigar fått hjelp frå nabokommunar, vart det sagt på årsmøtet.
Kommunen har jobba med å finne ei løysing på saka og årsmøtet håpa at det skulle lukkast, at det snarast blir tilsett ein veterinær til. No har heile Sykkylven og Stranda berre ein veterinær.
Held fram som leiar
Leif Arne Fivelstad frå Sunnylven leia årsmøtet i Sunnylven og Stranda bondelag. Dei to laga slo seg saman i fjor og har no 105 medlemer. Det er mange nok til å ha to utsendingar på årsmøtet i fylkesbondelaget.
På årsmøtet i Sunnylvsbygda grendahus møtte knappe 40 medlemer.
Etter fyrst godkjenning av innkalling vart det lagt fram ei fyldig årsmelding, og eit rekneskap med overskot.
Leif Arne Fivelstad vart samrøystes vald som leiar for eit nytt år, med to nye styremedlemer. Jørgen Helset og Jørn Stadheim ønska ikkje attval og i deira stad kom Mats Vangen og Jon Andreas Fivelstad.
Dei andre i styret er;
Eva Fjørstad
Peder Rune Tronstad,
Martin Vågsæter.
Synnøve Kjellstad er revisor i bondelaget.
Til slutt på årsmøtet informerte styremedlem i Møre og Romsdal bondelag. Lars Olav Vanberg om arbeid og saker i fylkesbondelaget.
Og tradisjonen tru vart det på årsmøtet også denne gongen servert juletallerken.