«Pusterom», ein kveld mange vil minnast.
Med tonar frå kyrkjeorgelet og song frå 78 frammøtte i salmen «Store Gud vi lovar deg» opna kveldssamlinga i Sunnylven kyrkje. Samkoma «Pusterom» vart ei gild stund for mange.
Sokneprest Ann Kristin Langeland ønska vel møtt og leia kveldssamlinga i Sunnylven kyrkje onsdag.
Med seg hadde ho kantor Gunnar Inge Eide på orgelet, og ikkje minst musikarane med vokal i bandet «Fossedur»
For fyrste gong spela dei tre ,Olav Elling Gausdal, Bjarne Sjåstad og Jostein Ringdal i lag i Sunnylven kyrkje. På vokal hadde dei med Oddbjørg Stadheim.
Det vart eit vakkert møte med musikken frå band og vokal som hausta stor applaus frå publikum.
Samlinga «Pusterom» starta med salmen «Store Gud vi lover deg». Deretter leia sokneprest Langeland det heile og annonserte innslaga.
I kyrkja hadde musikarane i «Fossedur» rigga opp i koren, og etter kvart kom det vakker song og musikk frå bandet.
Dei opna med songen «Vi vandrar saman» og fylgde opp med mellom anna»Make you feel my love» med Oddbjørg Stadheim som vokalist. Ho hadde vokal også på fleire i konserten som fekk stor applaus frå dei 78 i kyrkja.
Og bandet følgde opp med «Har du fyr» og fleiresongar, totalt seks.
Sokneprest Ann Kristin Langeland
I ei kort tale kom soknepresten inn på opplevingar både på heimebane og i utlandet.
Ho mintes turane med far sin som ho tykte gjekk fort i motbakkane dei fyrste åra. Men så, seinare var det ho som tok leiinga og faren kom etter
Ho kom også inn på fotball og laget Liverpool. Der stod det på banneret; «You never walk alone».
Slik er livet, du går aldri åleine, det er alltid ein som føl deg, sa ho og knytte det heile opp mot Gud og hans bodskap.
Olav Elling Gausdal. Bjarne Sjåstad til venstre
Oddbjørg Stadheim
Det vart ein fin kveld i kyrkja onsdag. Og sjeldan har vi høyrd kyrkja sitt orgel så kraftfullt og vakkert som denne kvelden der organist Gunnar Inge Eide leika på tangentane. Han spelar godt på mange instrument, ikkje minst på orgelet i Sunnylven kyrkje.
Eide hadde også tonefølgje til Kristin Storstein som avslutta «Pusterom», den flotte kveldsstunda i kyrkja med song.
Kristin Storstein