Støttar industriforum og TV-serie
INNSENDT:
Strandaindustriens Historie har sidan starten hatt gleda av å presentere ei utstilling basert på vekst og utvikling i industrien i Stranda, frå den første etableringa i 1884 og fram til i dag. Utstillinga viser 125 industribedrifter og 150 produkt.
Utstillinga har fått brei oppslutning frå publikum, og same kvar dei kjem ifrå er kommentaren den same: «Imponerande å sjå den breidda som har prega industriutviklinga gjennom desse 150 åra. Vurdert utifrå størrelsen på bygdelaga i Stranda kommune, finn ein knapt maken til variasjon i bransjar og produksjon i heile landet.»
No har vi bestemt oss for å utvide tilbodet. Målet er å skipe eit Stranda IndustriForum, der vi ynskjer å invitere representantar for industri og næringsliv til å fortelje om starten og utviklinga av sine bedrifter. Moderne lyd- og lysanlegg, video- og filmanlegg vil bli teke i bruk.
Mellom dei som har merka seg dette, er Sparebanken Møre. Såleis kom banksjef Sveinung Klakegg frå avdelinga for industri og energi innom utstillinga med ein godt synleg sjekk på 120.000 kroner, frå TEFT-midlane som banken deler ut til gode formål. Denne rause gåva vil kome godt med i planlegginga av det arbeidet vi er i gang med.
I tillegg til industriforumet vil noko av summen gå til eit filmprosjekt som Sunnmøre Live er i ferd med å fullføre. Det er snakk om ein seks episodar lang tv-presentasjon av næringslivet i Stranda, der ein tek utgangspunkt i industriutstillinga. Ikkje meir enn naturleg vil serien få det klingande namnet «Denne Stranda».
Første episoden kan etter det vi forstår få premiere før jul.