Lokalsport

Strabasiøs slåttedugnad på Ytste Skotet

Det kom snø då dugnadsgjengen skulle slå graset for siste gong på Ytste Skotet. Men kvit nedbør stoppar ikkje slåttefolket frå å utføre arbeidet.

Anne foto: #Dugnadsgjengen»‘

-Slåtten på Ytste Skotet skal utførast seint på året slik at dei spesielle plantane vi har ansvaret for å ta vare på der får høve til å frø seg.
I år var dugnaden planlagt 23-25. august. Av diverse årsaker vart det ikkje mogleg å gjennomføre denne som planlagt. Ny dugnadshelg var bestemt til 27-29. september.

Denne helga veit vi at det ikkje var dei aller beste tilhøva for å slå gras! Men ingen ting stoppar ein dugnadsgjeng i Storfjordens Venner!
Slåtten var altså gjennomført. Neste vår ventar fine, grøne bøar oss på Ytste Skotet!

Inge Bjørdal
– Styreleiar –

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380