Treng bøsseberar til TV-innsamlinga
Årets TV-aksjon går av stabelen søndag 20.oktober og er i år til inntekt for Barnekreftforeningen!
TV-aksjonen NRK Barnekreftforeningen går til å bygge familieheimar i nærleiken til sjukehus slik at familiar kan vere saman medan borna er i behandling. Og du kan bidra!
Vi treng bøsseberarar i Sunnylven! Kanskje kan du ta med barna eller barnebarna dine ut på ein søndagstur med meining?
Litt av essensen i TV-aksjonen er møte med menneske på sjølve aksjonsdagen. Enkelte har venta nettopp på dette besøket. Bøsseberarane er såleis svært viktige for å nå ut med både bodskapet og engasjementet.
I Sunnylven er det i år Sunnylven IL som organiserer bøssebering og dei vil gjerne ha fleire hjelpande hender!
Ta kontakt med Tarjei Korsbrekke, Sunnylven IL, for å melde deg som bøsseberar eller sjåfør til TV-aksjonen.
Kontakt: Tarjei Korsbrekke på 955 59 654 eller tarjei@ht-bygg.no