Vann målfest mot Langevåg 2
Oskar skåra vinnarmålet like før slutt.
På ein litt dårleg kveld der ikkje spelet stemte som vanleg vart det siger 7-6 over Langevåg 2. Eit tap motstandaren lika dårleg.
Sunnylven G14 kom til kamp på heimebane etter storsiger over Vanylven sist veke. Langevåg 2 ligg midt på tabellen , seks poeng bak gutane frå Sunnylven.
Men poenga til trass, forskjellen på dei to laga var ikkje stor i spelet, kanskje fordi heimelaget ikkje var like kvass som vanleg. Fleire spelarar har plagast med influense den siste veka.
Sunnylven opna skåringane fyrst, det vart 1-0, så 1-1og deretter 2-1 og 3-1.
Så kom Langevåg 2 med skåring før heimelaget la på to mål til. Pauseresultatet vart 5-4.
Likt med mål i andre.
I andre omgang heldt målfesten fram for begge lag.
Begge skåra to mål kvar, og dermed vart det siger 7-6 for Sunnylven G14. Sigersmålet donka Oskar inn seks minutt før slutt.
Det var rimeleg nok eit skuffa lag som drog tilbake til Langevåg frå Hellesylt stadion måndag kveld. Og enkelte kommentar førte til tilsnakk frå dommar Remi Andre Uri frå Torvastad Idrettslag.
Dommaren gav for øvrig ros til Sunnylven sin burvaktar. «Ein av dei betre», sa han.
Sunnylven G14 leiar framleis avdelinga i 3- div. med 19 poeng.
Laget til Sunnylven G14;
Elias, Sander, Oskar, Kristen, Ari, Jakob, Fredrik, Ingeborg, Terese,
Målskårarar; Ari 3, Jakob 2, Sander og Oskar eitt mål kvar.