Vann NM-tittel i kick-boksing
Linus Frøysa vann NM-tittel i kick-boksing i Trondheim.
Linus Frøysa (17 år) er aktiv i mange ting, tidlegare som 4H-ar og no som skuleelev og kick-boksar.
Det vart NM-tittel til Linus Frøysa frå Hellesylt og Sunnylven då han deltok i kick-boksing i Trondheim i helga. Kampen gjekk over tre rundar, fortel han og han vann alle. Ein suveren juniormeister med andre ord.
Linus har vore aktiv i 4H-klubben Fjellrosa i mange år. No har han flytta til Ålesund der han går ved musikklinja Fagerlia vidaregåande skule.
Av interesser har kick-boksing blitt ei av dei store interessene , og god har han blitt. Det viser resultatet frå NM i Trondheim 12 / 13 oktober.
Han var i alle høve strålande fornøgd med turen og NM i kick-boksing, det fekk vi eit klart inntrykk i samtalen vi hadde over telefon på ferja mellom Molde og Vestnes.
No vurderer han å delta i Nordisk meisterskap i sporten, og kanskje Europameisterskapen når den tid kjem, sa han.
Vi i hellesylt.info gratulerer så mykje og ønskjer lukke til i dei neste kampane
NM-vinnar Linus Frøysa hevar arma for siger i NM kick-boksing for junior