Lokalnytt

Arill Rise til Stranda

Journalist Arill Rise kjem til Stranda.

Den prislønte journalisten og programleiaren Arill Riise kjem til Stranda folkebibliotek for å snakke om boka si «Der ingen var einsam: klyngetunet som vart utsletta».

Innsendt: Martine Rørstad Sand.

Riise vaks opp i klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden i Ørsta kommune. Då han var ni år gammal,
i februar 1968, blei heile det lille samfunnet utsletta av eit snøskred. Arill blei fanga under snømassane, men berga livet.

Blant dei omkomne var veslebroren Ivar på berre fire år. Boka skildrar korleis det var å bu så tett på kvarandre i klyngetunet, ei buform som nærast ikkje finst i Noreg lenger.
Det er ei gripande, nær og varm forteljing der ein blir kjende med fargerike karakterar og underhaldande historier. Arrangementet er gratis og ope for alle.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380