Lokalnytt

Allehelgen i Sunnylven kyrkje

I Sunnylven kyrkje blir det markert Allehelgen søndag 3. november klokka 20.00.
Her blir det rom for sorg, men ogå minner, song og musikk og meir.

Les kva sokneprest Ann Kristin Langeland skriv;
-Har du eller nokon du kjenner mista ein av dine? I kyrkja er det rom for sorga og saknet, og du er varmt velkommen til minnegudsteneste i Sunnylvskyrkja søndag 3. november kl 20.

Fiolinist Øyvind Robak, kantor Gunnar Inge Eide og songsolist Kristin Storstein har sett saman eit vakkert musikalsk program. Inghild Storstein vil dele dikt og prest Ann Kristin Langeland leier gudstenesta saman med Astrid R. Ringdal.

Kven kan kome til kyrkja når det er allehelgen?

Først av alt; alle er velkomne til gudsteneste i kyrkja. Mange leve med sorg og sakn, og sorga kan vere svært ulik. Uansett korleis di sorg ser ut, eller kor lenge det er sidan du mista ein av dine, er du velkomen til kyrkja. Hit kan du kome  og berre vere, du kan tenne eit lys, du kan lytte til ord og musikk og du kan gjere avtale om ein samtale om du ynskjer det.  Det er alltid mogleg å kome til kyrkja med sorga og saknet ditt, uavhengig av allehelgen.

Kvifor tenne lys for ein som er død?

Det er vanleg å tenne lys på gravene når det er allehelgen. Ta med eit eige lys, og set det ved grava. Kjenner du på ei sorg over å ha mista nokon som har gravstad andre stadar i landet, så er du velkomen til å kome til kyrkja for å tenne lyset for den du saknar.

Uansett om du ynskjer  å tenne eit lys, eller ikkje, er det fint å ta ein rusletur på kyrkjegarden denne dagen. Du vil kunne sjå eit rørande lyshav, litt som på julaftan. Mange kjenner ei trøst i at det skin eit lys på grava. Lyset kan vere eit symbol på at minna om dei døde er med vidare i livet, og at dei døde ikkje vert gløymde. Lyset kan også symbolisere håp eller vere ei bøn til Gud om hjelp i sorga. Og det fine er at du kan tenne lys på grava så ofte eller så sjeldan du vil.

Kva er ei minnegudsteneste?

I kyrkjelydane er det tradisjon for å ha gudsteneste i samband med allehelgen. Til denne gudstenesta er alle som har mista nokon det siste året særskilt inviterte. Men det er viktig å understreke at alle er varmt velkomne denne dagen, sorg er noko vi ber med oss gjennom livet. Det er ei gudsteneste med rom for ettertanke og sorg, men også for bøn og håp.

Kvifor delta på gudsteneste på allehelgen?

Allehelgen gjev eit høve til å reflektere over livet og minnast dei kjære som ikkje lenger er med oss.
Ved å delta i ei allehelgen-gudsteneste kan ein finne ro og trøst i fellesskapet med andre som også sørjer. Du er ikkje åleine.

For mange er det sterkt og meiningsfullt å være på minnegudsteneste, ei gudsteneste med rom for sorg, sakn, håp og trøst. Gjennom song, musikk, dikt og lystenning kan ein finne ei form for ro, og kanskje også finne noko som kan vere til trøst og gje håp for stega i sorga sitt landskap.

Medverkande.

Medverkande i Sunnylven kyrkje søndag 3. november kl. 20.00 er;
Øyvind Robak
Gunnar Inge Eide
Kristin Storstein
Inghild Storstein
Ann Kristin Langeland

 

 

 

Mvh Ann Kristin- prest

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380