Frivilligsentralen med ny nettstad.
Frivilligsentralen på Stranda ha oppretta ny nettside, «istranda.no»,
Les meir om friviljuge organisasjonar, nyheiter og innhald der.
«Stranda Frivilligsentral har lansert nettstaden istranda.no som gir ei samla oversikt over frivillige lag og organisasjonar i kommunen, samt ein kalender med liste over arrangement og aktivitetar som skjer.
Visste du at Stranda kommune nesten har 80 ulike frivillige lag og organisasjonar?
Nettstaden kan brukast som eit nyttig verktøy både for å finne ut kva tilbod som finnes, men også for å komme i kontakt med dei ulike organisasjonane.
Du kan sortere på aktivitet og geografisk lokasjon for å finne fram til det som er mest aktuelt for deg.
Organisasjonane har sjølve ansvar for å oppdatere sin profil og legge ut sine eigne arrangement.
Kalenderen gir oversikt over ulike faste aktivitetar, men også enkelt arrangement i regi av organisasjonane. Her kan du finne mykje kjekt og interessant å delta på.
Marker gjerne sida som ein favoritt i nettlesaren din, så finn du enkelt tilbake til sida ved seinare høve.
Gå til https://istranda.no og sjekk ut oversikta.
Vi håper dette kan vere til nytte både for eigen del eller i møte med born, unge, foreldre, pensjonistar, brukarar og andre som ønskjer å komme i gang med noko sosialt og kjekt på fritida.