LokalnyttLokalsport

Godt frammøte på fotballavslutning.

J-08 hadde Elise Skjortnes og Lars Arild Langlo som trenarar. Magnar Tufte Tyssen var oppmann. Spelarane er frå venstre Magnus, Kaspian, Lone Malene, Marte, Aline og Vilde.

Det var godt frammøte på Sunnylven samfunnshus då fotballgruppa avslutta fotballåret med premiefest søndag. Før og etter premieutdeling vart det spela bingo.

Mange spelarar fekk sine utmerkingar søndag 17. november. Ei premieutdeling leia av Leif Rune Tryggestad med god hjelp av trenarar og oppmenn for laga.

J-12 har hatt ein fin sesong. Dei vart trena av Kim Sture Flo som håpte han fekk fornya tillit også neste år. Frå venstre: Johanna Olave, Jeshan, Alma, Sofia, Saga Emilie, Madeleine, Emma, Sofia Kristina, Erle og Ane.

Det hadde vore ein fin sesong for Sunnylven Fotball, sa Tryggestad som hadde ei kort oppsummering av sesongen før premieutdelinga. Han retta takk til mange, trenarar, oppmenn, banemannskap, kiosk og mange, mange fleire som hadde hatt ei hjelpande hand med i ein ny, flott sesong for Sunnylven fotball.

Deretter vart spelarane på dei fem laga frå G14 til mini Jenter og gutar ropt opp og fekk kome på scena og fekk sine flotte, blanke premie til stor applaus frå salen.

G-14 har hatt ein solid sesong og gjekk heilt til topps i si avdeling i haust. Frå venstre: trenar Eivind Louis Helset, Elias, Kristen, Jakob, Fredrik, Sander, Kai Adam, Oskar og oppmann Arild Hole. Ari, Trym, Therese og Ingeborg har spela mange kampar på laget i årets sesong, men var ikkje med på dette bildet.
J-14 har spela 9.ar fotball og måtte hente fleire spelarar frå J12 for å kunne stille lag. Frå venstre: hjelpetrenar Petrin Friestad, Marta, Ingeborg, Siv-Anita, Alexandra, Tuva Marie, Therese, Sina Helen, Julie, Siril Olivia og Tora. Olivia var ikkje tilstades.

G08 var trena av Leif Rune Tryggestad og Daniel Støverstein. Spelarane er frå venstre: Theodor, William H, Jonas, Trym, William BS, Henrik, Oliver, Leonard og Sakarias.

Stødige bingo-vertar: Anita Langeland, Gunnar Friestad og Arild Hole.
Dei kom nær, men det vart ingen premie denne gongen,

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info