Lokalnytt

Hadde gåve til nye borgarar

På Coop Marked Hellesylt. Frå venstre Doville, Monica med Olve, kommunedirektør Kristiansen, Oddvar og Cecilie (med Noah i barnevogn), Ingvild, Mariann, og Ole Johnny med Nelly.

.

Ved Coop Sunnylven vart det delt ut «bleiekaker» til tre born fødde i 2024
-Eit flott tiltak, tykte kommunedirektøren i Stranda.

Tre born er fødd i Sunnylven  i år. Det ville leiinga ved daglegvarebutikken Coop Marked Hellesylt markere med ei gåve fredag denne veka.
Då inviterte leiinga ved butikken til utdeling av ei gåve og meir til kvar av dei tre, ei stor «bleiekake» med kanskje rundt 80 bleier i kvar.

Saman med foreldre og born var også kommunedirektør i Stranda, Ivar Otto Kristiansen invitert. Å få opp innbyggartalet rundt om er viktig på mange måtar, ikkje minst for skule, men også for kultur og idrett.
Kommunedirektøren tykte det var eit flott tiltak Coop-butikken hadde sett i stand.

-Å markere at bygda har fått nye borgarar er fantastisk flott. Skal vi utvikle kommunen og få busett folk i alle bygdelag er det viktig å oppmode og vise at vi set pris på nye borgarar som kjem, sa han mellom anna-
Kristiansen tykte at markeringa til Coop var eit flott tiltak og han håpa det ville føre til at enno fleire kommunale borgarar vart fødde. At det blei lys i alle hus i alle deler av kommunen også i åra som kjem.

Nytilsett butikksjef ved Coop Marked Hellesylt, Ingvild Parr tykte det var stas å kunne bidra med ei gåve til dei nye borgarane. Og denne gongen vart det noko ho visste at dei hadde bruk for.
-Det er ei positiv oppleving i bygda at vi blir fleire. Eg skulle ønske at det var enno fleire som kunne få ei «bleiekake» enn dei tre, det hadde vore flott, sa Parr.

«Bleiekaka» var pynta og bygd opp i fire høgder, Ingvild var litt usikker på kor mange bleier der var, kanskje rundt 80. Men det viktige denne gongen var å sjå positivt på at vi vart fleire i bygda, sa ho.
Ho og dei tre andre ved Coop ønska alle god julehandel.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380