Juletreff i Gamleskulen
Bjarne Sjåstad spelar julesongar på orgelet i gameskulen 7. desember.
Det blir juletreff i Gamleskulen på Hellesylt også i år. Laurdag 7. desember er det ope for innsteg, servering og julesongar.
Også i år blir det juleope i den gamle skulestova på Hellesylt. Det skjer laurdag 7. desember mellom klokka 12.00 og 15.00.
I invitasjonen frå styret for skulestova frå 1896 lovar dei varme frå ovnen om desemberkulden held fram, og med god servering, masse hygge og godt prat.
=Kom innom til ei hyggestund i førjulsstria og kjøp deg kaffi, kaker og lodd. står i innbydinga der dei held fram;
=Klokka 13.00 kjem Bjarne og spelar julesongar på orgelet. Då kan alle som vil vere med og synge kjente og kjære songar om ein har lyst.
Så legg gjerne Hellesylt-turen innom gamleskulen laurdag 7. desember og eit besøk i den flotte skulestova. Her blir det julehygge i tre timar med song og musikk, og servering.