Lokalnytt

Kor Nøye i Sunnylven kyrkje

 

Kor Nøye kjem til Hellesylt og held konsert i Sunnylven kyrkje søndag 8. desember, dagen etter at koret har halde konsert i Stranda kyrkje.

Det blir juletonar med mykje vakker song og musikk når mannskoret Kor Nøye med Kjellaug Oma som dirigent kjem til Sunnylven kyrkje andre søndag i advent.

Kor Nøye er frå Stranda, alle mannlege songarar. Koret har Kjellaug Oma som dirigent, ein jobb ho har skjøtte sidan koret vart stifta i 2017.

I alt 15 mannlege songarar i alle aldrar er med i Kor Nøye, og dei gler seg veldig til dei to konsertane i år. I fjor heldt dei ein konsert på Stranda og det var veldig triveleg, så i år har dei bestemt seg for å halde to og valde såleis Hellesylt, dagen etter konserten i Stranda-kyrkja.

Under øving i Sunnylven kyrkje nyleg fekk vi ein prat med dirigent Kjellaug Oma og Eldar Gjærde..
Det blir ein konsert med ni songar og i tillegg to allsongar . Heile konserten varer i ca. fem kvarter og billettprisen blir 300.- kroner, sa Oma.
Medverkande i koret som musikarar er Askjell Molvær, Synnøve Hjellbakk Hole, Evgenii Zukov, Halstein Kurseth og Sveinung Utgård. Trine Dyrstad Walsøe er solist i nokre av songane, og konfransier er Ellen Beate Wollen
Koret øver no jamt og trutt før dei to julekonsertane som er i Stranda kyrkje laurdag 7. desember og deretter i Sunnylven kyrkje søndag 8. desember. Konserten i Sunnylven er klokka 19.00.

-Vi gler oss veldig og håper mange kjem på konsert. Det var kjekt i fjor og i år blir det to konsertar, så då blir det dobbelt kjekt, seier Eldar Gjærde.
Og dirigent Oma legg til;
-Vi synest det er gøy at vi har med Synnøve Hjellbakk Hole frå Hellesylt, og er det nokon som har lys å vere med å synge i Kor Nøye etter nyttår så er dei velkomne. Her er plass til fleire, sa dirigent Kjellaug Oma.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380