Lokalnytt

Mange kom til Allehelgen-gudsteneste

Kristin Storstein t.h., Øyvind Robak og Gunnar Inge Eide framførte mykje vakker song og musikk i kyrkja på Allehelgen-søndag.

Søndag kveld 3. november var det gudsteneste i Sunnylven kyrkje. Då vart Allehelgen-søndag markert med nær halvfull kyrkje.

Det vart ei fin stund i kyrkja søndag kveld. Dit kom mange for å minnast kjære som hadde gått bort, og der fekk dei oppleve vakker song og musikk, gode og trøystande dikt, og som vanleg ei velformulert preike av soknepresten.

Gudstenesta som varte over ein time opna med vakre tonar frå Gunnar Inge Eide på orgel og Øyvind Robak på fele. Så var det allsong med den store kyrkjelyden i salmen «Jeg er i Herrens hender»,

-Det er så godt å sjå dokke her i kyrkja. Her skal vi setje følelse på det vi ber på i ord og tonar, sa sokneprest Ann Kristin Langeland innleiingsvis, og som heldt ei god og velformulert preike seinare.
I kyrkja var det mykje vajkker song denne kvelden, spesielt frå Kristin Storstein som song fleire til tonar frå Eide og Robakk. Songen dei opna med var Bjørn Eidsvåg sin «Eg ser»..
Ei stemningsfull opning av Alle helgen gudstenesta, og det heldt fram med fleire vakre songar og med diktlesing av Inghild Storstein.

Det vart ei fin samling i kyrkja på Allehelgen- søndag med mykje vakker song og musikk, gode ord og levande lys gav håp og lyste opp kveldsmørkret., ikkje minst frå lysgloben der mange tok del og tende lys.

Prest Ann Kristin Langeland tende eit lys i lysgloben for alle frå kyrkjelyden som har gått bort det siste året


.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380