Raset større enn meldt
Mykje jord og stein rasa ut natt til 1. november og sperra Holedalsvegen
Alle foto: Peder Hellebostad.
Raset ved Litlesætra på Holedalsvegen er større enn fyrst meldt, ca. 15.0 til 20.0 meter breitt og kring to meter på det høgaste er meldinga vi har fått.
Jord og steinraset gjekk over vegen i Holedalen natt til 1. november. Rasstaden er like framom Litlesætra, omlag midtvegs i Holedalen.
Dei fyrste meldingane tyda på at raset ikkje var av det største, men etter synfaring i helga vart det ein annan storleik. Omlag 15 yil 20 meter breitt og kring to meter høgt blir det meldt frå rasstaden etter at snøen stort sett er borte.
Raset som har gått over sætrevegen til Holedalen, er av dei store jord og steinras her dei siste åra. Vegbana ser ikkje ut til å vere skada vesentleg, har vi fåt melding om.
Over helga blir det rekvirert gravemaskin for å rydde vekk ramassane og renske opp eit avløp for ein bekk som kryssar vegen.