Trimgruppa jobbar godt.
Ei lita kvild for tre ivrige turryddarar. Frå venstre Rune Hole, Rune Fannemel og Per Svein Hole. (Foto: Lars Fivelstad)
Trim/friidrettsgruppa i Sunnylven IL jobbar godt. Stadig nye turløyper blir utbetra, no sist til Åsneset og Kurlå.
Per Svein Hole er leiar i friidrett / trimgruppa i Sunnylven IL. Stadig vekk set gruppa i verk tiltak for utbetringar, eller lagar nye turstiar.
No er dei i gang med arbeid på råsa som går frå Shell-kaia til Åsneset og Kurlå. Frå der går også tursti mot Åsen.
Ved Bergeplassen på råsa til Åsneset er ein del våte parti som skal betrast på , fortel Hole.
Der det ikkje er steinmasse å finne blir det laga bruer av impregnert materiale.
Dette kan laget investere i då dei har fått støtte frå Sunnmøre friluftsråd til arbeidet, noko trimleiaren er svært takksam for.
Friluftsrådet har også gjeve tilskot til diverse tiltak i samband med den nye gapahuken som nyleg vart opna på Holten ved Ringdal.
Trim/friidrettsgruppa i Sunnylven IL er svært aktiv med utbetringar av turræser i området, både i nære områder og andre stader.
Tidlegare har vi også vist bilde av ei nyleg utbetra rås langs elva ved Hellesylt stadion, også det eit arbeid gruppa har lagt mange timar i å få ferdig.