Trimtreff ved Nedstevatnet
Torsdag 7. november inviterte trimgruppa i Sunnylven IL til trimtreff ved Nedstevatnet. I alt 54 unge og eldre møtte fram.
Det var mørkt, men like fullt folksamt etter Flofjellvegen frå parkeringsplassen til trimposten ved Nedstevatnet torsdag kveld. Sjølv om det etter kvart vart stummande mørkt i seks-tida kom der mange, heile 54 unge og eldre på trimtreffet. Det var trimgruppa i Sunnylven IL nøgde med.
For enkelte var denne kveldsturen i kortaste laget så fleire gjekk til Nedstevassætra og tilbake i det fine kveldsveret.
Litt premiering vart det også denne gongen på nokre heldige vinnarar på uttreksnummer. Dei fekk med heim gåver sponsa av næringslivet i Stranda og Sunnylven.
Under treffet var trimgruppa representert av Karolin Parte t.h. og Per Svein Hole.