Lokalnytt

Fotballprisar til Sunnylven

Lillian Aasheim og Bård Dalen fekk begge høgthengande prisar under fotballgallaen i Ålesund 7. desember.

Sunnylven IL vart vinnar av prisen «Årets arrangør av miniturnering» i Sunnmøre Fotballkrets. Diplom og 10000.- kroner var premien. Og Lillian Aasheim vann NFF sitt honorære lederstipend.

Det vart ein stor kveld for Sunnylven Fotball på Sunnmøre Fotballkrets sin kveld i Ålesund laurdag 7. desember. Der vart det mykje ros til enkelpersonar og andre i klubben.
Og til dei mange rettar no leiar i Sunnylven Fotball, Leif Rune Tryggestad stor takk til alle frivillige i klubben og bygda. Utan innsats frå mange dyktige hadde ikkje klubben blitt tildelt denne prisen, seier han.

Men fotballgallaen baud også på meir ros og heider til medlemer av Sunnylven Fotball, nemleg til Lillian Aasheim. Tidlegare i karriera har ho vore toppkeeper på damelag, og no dei siste åra trenar for aldersbestemte lag i klubben.
Saman med Bård Dalen vann dei begge NFF sitt honorære lederstipend.
Om Lillian Aasheim vart det lest opp mange gode ord frå kretsleder. Ho kom flyttandes frå nord-norge for ca. 30 år sidan. Ho har hatt dei fleste verv i sin klubb Sunnylven IL i ei årrekke som leder, nestleder, styremedlem, trener, dommeransvarlig, og Fair play-ansvarlig med meir. i Tillegg har ho vore aktiv dommer og speler og har også seinast i år vokta buret for Stranda damelag i en alder av 51 år. Imponerende innsats, må kunne seiast.

Det tok litt tid for Lillian Aasheim før ho forstod at det var henne det var snakk om og litt sjokkert la sammen alle gode ord og forstod at det var ho som vann NFF sitt honorære lederstipend for damer.

Stranda Fotball vann prisen som Årets jenteklubb.

Lillian Aasheim og Leif Rune Tryggestad med prisar dei fekk utdelt under fotballgallaen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380