Aktiv adventshelg
Den fyrste adventshelga 2024 er over. På Hellesylt har store og små fått oppleve mykje, frå marknad med bygdekvinnelaget, tombola med skulekorpset, servering på omsorgssenteret, til lysmesse i kyrkja. Og i sentrum lyser julegrana.
Lag og organisasjonar i Sunnylven har hatt ei aktiv helg, det har skjedd mykje fyrste helga i advent. Hellesylt.info har fylgt med på aktivitetane og prøver her å gje ei lita oversikt over alt som den vesle bygda har styra med, til glede for mange.
Sunnylven samfunnshus var base for Sunnylven bygdekvinnelag laurdag. Her var det marknad med mange som kom og tilbaud varer av alle slag, Her var pyntegjenstandar, klede, bilder, blomster og ikkje minst gode varer av ulike kortreiste matvarer.
Den vesle salen var kafeteria og her selde bygdekvinnelaget risengrynsgraut, kaffi og kaker. Salet gjekk strålande etter det vi kunne sjå.
Bygdekvinnelaget hadde ope heile fem timar denne laurdagen fyrste helg i advent, og publikum handla og fann seg godt til rette.
På Sunnylven omsorgssenter var Sunnylven sanitetslag i sving med å førebu sitt gode og tradisjonelle måltid til bebuarane. Store fat med smørbrød og bløtkaker vart gjort klare til måltidet som var fastsett til klokka 15.30 denne laurdagen.
Frammøtet var godt og maten fall i smak og gjekk unna.
Kristin Storstein var også til stades på Omsorgssenteret denne laurdagen og underheldt med song og musikk.
Dagen etter var det nye opplevingar på Hellesylt. På fyrste søndag i advent regna det, men temperaturen var god.
På Sunnylven samfunnshus var det Sunnylven skulekorps sin tur denne dagen. Her var stor tombola og masse kaffi og kaker å få kjøpt. Og publikum kom i stort antall så resultatet var utseld tombola i god tid før Sunnylven skulekorps kunne spele «jula inn» klokka 15.15.
Korpset under sin dirigent Trond Otto Berg spelte fleire av dei kjente og vakre julesongane. Denne dagen vart konserten inne frå scena grunna regnveret ute. Korpset leverte og julestemninga seig på.
Etter tombola med skulekorpset tok mange turen til Sunnylven kyrkje og lysmesse. Her deltok neste års konfirmantar som er seks i talet. Sokneprest Ann Kristin Langeland leia gudstensta.