Lokalnytt

Ei fengjande forteljing

Ruth Hole Aaland hadde med gåver frå Sunnylven sanitetslag som med støtte frå Sparebanken Møre gav denne forestillinga til Sunnylven skule. Her får Line si gåve. Til venstre rektor Torje Bjørneseth.

Sang, musikk og ei rørande forteljing fekk elevane ved Sunnylven skule høyre tysdag. Der var Line Dybedal og musikar Mathias Marstrander med historia om mora som var sjuk, men vart frisk igjen.

Det var ei litt trist, men til slutt ei glad forteljing dei yngste elevane ved Sunnylven skule fekk høyre tysdag denne veka. Til skulen kom Line Dybedal og Mathias Marstrander med ei gripande historiwe om ei ni år gamal jente og hennar sjuke mor, men som enda godt til slutt.
hellesylt.info har fortalt litt av innhaldet i forteljinga tidlegare, men ikkje heilt korleis den enda. Det fekk elevane og nokre foreldre som også var til stades i klasserommet høyre til slutt. Og lat det vere sagt, det enda så godt med mor til den vesle jenta, og dei kunne alle feire ei god og fredfull jul.

Dei tilreisande, Line og Marhias gjorde ei fin forestilling, ein flott skuletime for dei unge elevane. Sjeldan har så mange fylgd med så mykje og roleg som denne skuletimen tysdag. For det vart ei oppleving å få høyre historia fortalt, «innpakka» i vakker song og musikk.
For ikkje var Line Dybedal berre ei engasjert, forteljande dame, men ho kunne også synge så flott. Og like vakkert var det å høyre musikken som Marstrander leika fram på gitarsterengane gjennom heile skuletimen..

Rektor Bjørneseth hadde med gåve frå skulen.

Som takk for ei flott oppleving og ein god skuletime fekk dei begge gåver og gode takkeord, frå lærar Ruth Hole Aaland og Sunnylven sanitetslag som støtta arrangementet, og frå rektor ved Sunnylven skule Torje Bjørneseth. Dette var den siste forestillinga til Line og Mathias i år, fekk vi oss fortalt.

Her får fleire elevar ein liten prat med Line Dybedal etter forestillinga.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380