Gjekk Skandinavisk cup
Kristine Hjellbakk Hole, startnr. 51.
Langrennsløpar Kristine Hjellbakk Hole gjekk Skandinavisk Cup på Lillehammer i helga, 20.0 km på laurdag og 10.0 km. skøyting søndag.
Det vart to gode løp for langrennsjenta Kristine Hjellbakk Hole på Lillehammer i helga. Kristine går for Sunnylven IL, den einaste langrennsløparen i klubben på eit høgt nivå.
På Lillehammer kom ho på 36. plass på 20.0 km med seks frå andre nasjonar føre seg laurdag, og på den halve distansen søndag vart det ein plass lavare på resultatlista.
Kristine gjekk gode renn på Lillehammer, det var sterke plasseringar i løypene i OL-byen dei to dagane med renn.. Å hamne midt på resultatlista er sterkt der rundt 70 deltok. Sluttida på 20.0 km. var fem minutt etter vinnaren Helene Marie Fossesholm, Eiker S, og på 10.0 km var avstanden godt under to minutt..
På 10.0 km søndag vart det siger til Sophie Ireland Laukli. Ho går for Kjelsås IL.