Har starta lengrennsesongen
Kristine Hjellbakk Hole har starta langrennsesongen. Så langt har det blitt renn i Beitosprinten, og sist helg på Gålå.
Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL sin toppløpar i langrenn har starta sesongen flott, både under Betosprinten og på Gålå.
Det har blitt to renn på nasjonalt nivå og i konkurranse med det beste i norgeseliten. Mykje tyder på at Kristine går mot ein god sesong, kanskje den beste i karriera så langt.
Under rennet på Beitostølen 23. november vart det 53. plass på 10.0 km. klassisk, vel tre minutt etter vinnar Therese Johaug.
Helga etter var det Norgescup på Gålå i Gudbrandsdalen. Her gjekk det betre på same distanse. Kristine kom i mål til 23. plass, og no var avstanden til vinnar Helene Marie Fossesholm resdusert til 1.3o minutt.
På sprint vart det 41. plass.
Sterke resultat på Gålå mot dei beste i Norge, synest vi. Mykje kan tyde på at sesongen 24 / 25 kan bli den beste for Kristine Hjellbakk Hole så langt.