Lokalnytt

Jula i Sunnylven kyrkje

Her er informasjon frå sokneprest Ann Kristin Langeland om gudstenester og samlingar i Sunnylven kyrkje i jula. Les!

-Vi har hatt ei veldig fin adventstid i Sunnylvskyrkja med lysmesse, skulegudsteneste, julevandringar og magiske julekonsertar. Alt dette har vore med å gje julestemning og forventingar inn mot julehøgtida.

No inviterer vi til gudstenester i jula, og vi håpar at mange vil ta turen til kyrkja for å feire håpsbarnet og synge dei vakre julesongane . I kyrkja vil du få høyre dei kjende fortellingane og synge dei finaste julesongane

-Julaftan kl 16.00
Lars Kvam Karbø er organist på julaftan. Tradisjon er det også at Sunnylven skolekorps er med og har tonefølgje til julesongane. Også koret Fryd vil gje oss gjenhør med eit par songar som vi fekk høyre under julekonserten. Og sangfuglen Kristin Storstein og presten Ann Kristin har førebudd ei preike som tek oss med inn i jula sin bodskap. Vi håpar at både liten og stor, ung og gamal, fastbuande og julegjestar vil samlast i kyrkja.

-Fyrste juledag.
Vi inviterer til høgtidsgudsteneste kl 11. fyrste juledag. Ann Kristin Langeland er liturg og kantor Gunnar Inge Eide vil saman med fiolinist Janne Urkegjerde og songsolist Kristin Storstein gje oss vakre musikalske opplevingar.
Janne er frå Stranda, men har fleire gongar vore delteke på fleire gudstenester.
Sjølv om du var i kyrkja på julaftan så er du likevel meir enn velkomen tilbake 1. juledag, og vi gler oss til fellesskap også denne dagen.

-Nyårskvelden kl 21
Sidan starten på 2000-talet har vi hatt tradisjon for å samlast i kyrkja på nyårskvelden. Slik vil vi også gjere det i år. I kyrkja vil det vere lagt til rette for lystenning, refleksjon og bøn.
Ann Kristin leier samlinga, og Kristin Storstein byr på fleire songinnslag.
I år har vi med oss Romain Vaude, han er ein særs dugande musikar og organist her i Storfjorden og vi gler oss til å høyre han. Programmet for kvelden er ikkje heilt lagt, men fint og tradisjonelt vert det.

-Startar frå samfunnshuset
Om veret er godt, startar folketoget frå samfunnshuset. Det er fint om de tek med faklar, stjerneskot (eller lommelykt for den del) og møter der kl 20.30. Der i frå går vi om omsorgssenteret før ein følgjer kyrkjeklokka sin klang på veg opp gjennom gata til kyrkja.

-Vi som er tilsette i kyrkja gler oss over alle dei frivillige kreftene som stiller på saman med oss for å skape den magiske og gode julestemninga for fastbuande og julegjestar.

-Vi ynskjer vel møtt til gudstenester i jula, og vi ynskjer kvar og ein ei signa julehøgtid og alt godt for det nye året.

Mvh Ann Kristin – prest.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380