Juleavslutning ved Sunnylven skule
Det vart tre ringar med elevar og vaksne som gjekk kring juletreet og song dei kjente julesongane.
Det vart ein fin avslutningsfest ved Sunnylven skule då fyrste del av året vart feira torsdag 19. desember.
Rektor Torje Bjørneseth ønska foreldre og andre vel møtt til skuleavslutning torsdag i Sunnylven samfunnshus. Han introduserte programinnslaga og fortalde litt om det elevane hadde jobba med gjennom hausten..Så kom elevar på scena med gode, lystige programinnslag.
Her vart det fortalt om både eitt og hint, både av elevar i småskulen, på mellomsteget og av avgangselevar i storskulen.
Elevar frå mellomsteget
Alle hadde flotte programpostar frå scena med lite blygheit, nei her stilte alle på og bidreg til mykje moro.
Det vart mange flotte innslag og publikum i salen mora seg, kunne vi høyre.
Og inn i mellom var det song, kjente songar både med julepreg og anna.
Ved pianoet sat musikklærar Evgenii Zhukov, som også tok del med speling etter at programdelen vart avslutta med song og gong kring juletreet.
I innslaget frå storskulen møtte vi kjente personar innan både pop, politikk og meir.
Desse fire elevane hjelpte lærar Carlin (bak t.h.) med gjennomføring av lyd/lys.
Til slutt var det servering med kaffi, saft og meirtil alle.
Det var ei fin og triveleg juleavslutning ved Sunnylven skule også denne gongen.
Det som kanskje øydela litt for fleire var uro mellom ein del av dei yngste.. Vi såg at lærarar prøvde å roe ned på lydnivået, men her burde vel foeldra hjelpt til.
Måndag 6. januar er elevar og lærarar tilbake på Sunnylven skule igjen.