Ukategorisert

Juleforteljing på Sunnylven skule

«Eit hjarte til jul», har Line Dybedal kalla forestillinga ho besøkjer Sunnylven skule med tysdag 3. desember. Ei forteljing om ei lita jenta og hennar sjuke mor.

Her er litt av innhaldet i forteljinga som Line Dybedal vil fortelje;

-Nora er ni år og gler seg til jul. Men ho gruer seg litt også, for mamma ligg på sjukehus og ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Det er spennande om mamma vil få eit hjarte i tide og om det vil kome før jul.

Ein annan ting Nora tenkjer mykje på er om mamma vil vere den same med eit nytt hjarte? Vil mamma vere glad i henne på same måten? Kjærleiken kjem frå hjartet, har Nora lært.

Nora har ei farmor som veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa går Nora for å finne det perfekte juletreet, og når dei er i skogen fer eit stjerneskot over himmelen! –

Ikkje gje opp håpet

«Eit hjarte til jul» er ei historie om dei vonde tankane som kan oppstå når nokon ein er glad i er alvorleg sjuk. Samstundes er det ei varm forteljing om å finne trøyst og tryggleik, og om det å ikkje gi opp håpet.

På Sunnylven skule vil Line Dybedal fortelje, synge og spele på piano. Saman med seg har ho gitarist Mathias Marstrander som rammer inn forteljinga med musikalske stemningsbilde.

Publikum får fylgje historia om Nora frå blad til blad, ei historie med mykje god omtale, både fengslande og spennande.
Forestillinga er i salen på samfunnshuset tysdag 3. desember klokka 11.30.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380