Hendelser

Julekonsert i Gamleskulen

Ny julekonsert på Hellesylt nermar seg. I Gamleskulen blir det glade tonar av Fossedur med solist sjette juledag.

I fjor inviterte dei lokale musikarane i Fossedur med solist til julekonsert i Gamleskulen på Hellesylt. Det vart ein suksess både i tonar og med stort publikumsframmøte. Rundt 50 – 60 unge og eldre stuva seg inn i den gamle skulestova og fekk oppleve ein julekonsert av dei sjeldne i vakker musikk og sang.

I år blir det ny konsert med dei same sjette juledag. Om det blir like fullt då, ja det veit vi ikkje, men truleg blir den gamle skulestova full av «julegjestar» også denne gongen.
Og tonane frå solist og orkester blir dei same kjende og kjære. Det blir eit høgdepunt i jula med andre ord.

Konserten er måndag 6. juledag med start klokka 18.00. Dei som er med er Olav Elling, gitar og sang, Bjarne på el.orgel, Jostein slagverk, og Oddbjørg sang.
Billettpris vaksne kr. 100.-, barn gratis.
Kom innom Gamleskulen og opplev song og musikk, og glade juletonar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380