Julekvelden før tida
Sunnylven skulekorps opna julekonserten i Sunnylven kyrkje.
Det vart ein julekveld av dei gode i Sunnylven kyrkje søndag kveld. Juletonane strøymde på, både i song og musikk
Å få gå til Sunnylven kyrkje på julekonsert er ei glede og ei oppleving. Gleda kjem alt når ein kjem til kyrkja og ser eit stort, vakkert juletre står pynta og lyser, og når unge og eldre aktørar tek del blir opplevinga meir enn stor.
Det har blitt mange julekonsertar i Sunnylven kyrkje, og kvar gong reiser vi heim etter å ha høyrt den beste. Om så er tilfelle veit vi ikkje, men slik kjendest det ut etter konserten søndag kveld. Der var unge og eldre aktørar som hadde øvd til årets julekonsert som mange kom for å høyre sjølv om veret var dårleg.
Konserten starta så flott med Sunnylven skulekorps. Eit nær tjugetalls musikarar, unge og eldre leverte nok ein gong ei flott musikalsk gåve av norsk og amerikansk julemusikk. Skulekorpset med sin faste dirigent Trond Otto Berg er berre fantastisk. Framføringane i kyrkja var berre å bli imponert av nok ein gong.
Etter fem melodiar frå korpset var det allsong i Det lyser i stille grender til tonar frå Gunnar Inge Eide ved orgelet. Så fekk forsamlinga høyre unge talent på fele i Deilig er den himmel blå, leia av Synnøve Hjellbakk Hole.
Deretter var det vakker song og musikk av unge utøvarar frå Sunnylven skule.
«Skulebandet» fekk mykje applaus fr flotte innslag.
Og fleire elevar stilte på i eit band leia av deira lærar. Her vart det friske tonar frå fleire på gitar og slagverk, og med song til ein av melodiane. At musikkelevar har gode lærarkrefter på skulen forstår vi godt, for dette var gode innslag i julekonserten. Det fall i smak hos publikum, for dei takka med langvarig applausm, kanskje den lengst under heile julekonserten.
Til slutt kom songkoret Fryd og tok plass i koren for å avslutte julekonserten. Knappe tjuge damer har øvd mykje av hausten under sin dirigent Kristin Storstein , og dei har øvd godt fekk vi høyre. Koret opna med Det lyser i stille grender, og seinare vart det fleire vakre songar. Og vi fekk høyre solistinnslag av Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein saman med koret.
Julekonserten i Sunnylven kyrkje vart avslutta på den vanlege og gode måten av heile kyrkjelyden og songen Deilig er jorden.
Songkoret med dirigent Kristin Storstein avslutta julekonserten
Leiar i Sunnylven sokneråd Stig Tryggestad takka til slutt alle aktørane for nok ein fin julekonsert i kyrkja. I dei gode orda til aktørane nemde han spesielt koret, at dei var å høyre nok ein gong var hyggeleg. Han tok fram også korpset og alle dei andre i sine takkeord, og deretter delte han ut blomar til leiarar for dei mange som hadde øvd inn og levert nok ein vakker julekonsert i Sunnylven kyrkje.