Julesamling på gamleskulen
Mange var innom juletreffet på gamleskulen i år, for ein prat og sosialt samvær.
Laurdag 7. desember var det juleope i gamleskulen på Hellesylt. I alt 29 unge og eldre kom innom «julestova» i år.
Den gamle skulestova på Hellesylt vart besøkt av fleire under juletreffet også i år. Her var god servering, masse lodd og gevinstar, og ikkje minst mykje song av kjente julesongar. Fleire kom også innom for ein prat med kjente. Og praten gjekk om både laust og fast, om nye og gamle historier.
Ved orgelet sessa Bjarne Sjåstad seg og rundt klokka 13.00 spele han opp fleire av dei tradisjonelle julesongane, som «Det lyser i stille grender», «Eg er så glad kvar julekveld», og «Deilig er jorden», og fleire. Og publikum song med, det vart ei rett så fin julestemning i den gamle skulestova på Hellesylt.
Juletreffet på gamleskulen vart ei fin stund i tre timar også i år. Mange fekk med seg fine gevinstar heim, og kaker og kaffi smaka som vanleg godt i skulestova.
Førjulssamlinga på gamleskulen er ei fin stund for mange som vi håper vil vare ved i mange, mange år.
Også i år spela Bjarne Sjåstad kjente julesongar på det game trøorgelet, og alle song med.