Dagens Bilde

Kollfrid har sett spor etter seg – ein livsnytar med sans for setrelivet

Klar for sporing: Hjortekolla måtte sove ei stund medan ho vart merka på Ytrehorn 31. mars 2023. No kan alle sjå i kva område Kollfrid har likt seg aller best.

Hjortekolla Kollfrid har vore ein livsnytar og fått det beste ut av alle årstidene. Vintrane har ho tilbragt på og ved Ytrehorn i Hornindal. Somrane har ho nytt setrelivets gleder på Røyrhussætra.

bengt.flaten@fjordingen.no

Kollfrid veit det nok ikkje sjølv, men sidan mars 2023 har nokon følgt med på nær sagt kvart steg ho har teke. Og la det vere sagt med ein gong: Dette er ei kolle som har visst å passe seg. Og ho har vore veldig klar på kvar det er best å opphalde seg til dei ulike årstidene.

Hjortekolla som har fått prosjektnamnet Red 80 vart merka på Ytrehorn i Hornindal 31. mars 2023. 15. desember i år vart sporinga avslutta, på nær same plassen.

Red 80 er eit temmeleg teknisk namn, så vi kallar ho Kollfrid. 31. mars i fjor vart ho skoten med ei pil sovemedisin, då ho vart plukka ut til å vere med på det store hjortemerkingsprosjektet i regi av Nibio, som er forkortinga for Norsk Institutt for bioøkonomi. 60 hjortar har vore eller er med i det fireårige prosjektet som går på å lære meir om hjorten sine trekk og bruk av areal gjennom årstidene.

– Vi var bokstaveleg talt på jakt etter godt vaksne og etablerte koller då vi reiste til Ytrehorn for å finne kandidatar til merkeprosjektet vårt. Red 80 eller Kollfrid er ei slik kolle. Vi estimerte ho til å vere ni år då ho fekk festa gps-halsband og vart merka. Ho var 111 kg i totalvekt, noko som tilsvarar slaktevekt på bortimot 70 kg. Vi reknar med at ho har sett til verda mange kalvar i sitt vaksne liv, fortel Erling L. Meisingset, forskar og prosjektleiar for Vesthjort, som prosjektet heiter.

Fann gps’en: Stig Olav Lødemel har vore lokal medhjelpar i hjortemerkingsprosjektet. 15. desember kunne han plukke opp gps’en som har spora Kollfrid sidan 31. mars ifjor.

Kommunane på søre og ytre søre Sunnmøre, inkludert Volda og Ørsta er med i prosjektet. Det same er Stad og Volda kommunar. Meisingset opplyser at også Stryn kommune fekk tilbod om å vere med, men at dei takka nei.

Nibio merka to koller på Ytrehorn i mars 2023. Den andre fekk nummer 65, og vart skoten i månadsskiftet november-desember. Denne kolla har vore svært heimekjær og halde seg på same plassen sommar som vinter, i området frå Ytrehorn til Haugen/Hornindal Skisenter.
– Ho var meir heimstøing, den kolla, konstaterer Meisingset.

Kolle med kontroll på livet

– Då Kollfrid hadde fått gps’en på seg, kunne forskarane i Nibio følgje med på kvar ho gjekk, heilt fram til ho etter planen slapp halsbandet med gps’en 15. desember i år. Ein batteristyrt utløysermekanisme gjer at halsbandet løyser seg ut når batteritida nærmar seg slutt, og slik at ein ved hjelp av lokale medhjelparar kan hente inn bandet.

Då Kollfrid mista halsbandet sitt, var ho rett ved ein skogsveg ikkje langt frå der ho i si tid vart merka.

– Vi kontakta Stig Olav Lødemel som har vore medhjelpar i prosjektet. Takka vere gps’en på halsbandet kunne han køyre og finne bandet ganske enkelt, fortel Meisingset.

På spørsmål frå Fjordingen har Meisingset sett gjennom sporingsdataene for Kollfrid, for perioden på eitt år og ni månader. Når Meisingset ser kvar kolla har gått og søkt tilhald, viser det ei kolle med solid kontroll på livet.

Røyrhussætra: I dette området har hjortekolla Kollfrid tilbragt begge sommaferiane sine, før ho gjekk tilbake til Ytrehorn i Hornindal.

Setrelivets gleder

– Det er interessant å sjå på denne kolla. For ho har funne vinterparadiset sitt i områda på og nær Ytrehorn, og når våren går mot sommar har ho sett strak kurs for Røyrhussætra. I 2023 forlet ho Ytrehorn 22. mai, og ho var framme på setra same dagen. Ho kryssa E39 godt ovanfor Kvivstunnelen og gjekk på nordsida av fv 60 fram til mellom Raftevold og Muldsvor, der ho kryssa vegen og elva på veg til setra. 6. august følgde ho same ruta tilbake. Det artige er at ho gjorde nøyaktig det same i år. Då gjekk ho frå Ytrehorn til sommarparadiset sitt i Røyrhusdalen den 13. mai. Altså ti dagar tidlegare enn året før. Og ho returnerte 16. august, ti dagar seinare enn i 2023. Ho bevilga seg med andre ord ein litt lenger sommarferie på setra i år, seier Meisingset.

Ved Røyrhussætra har ho for det meste halde seg oppe i lia ovanfor setra, på mellom 500 og 800 meters høgde. Og ho har aldri vore framme på dyrka mark. På hausten derimot, når ho er i Hornindal, er ho meir nede på jordene, for så å trekkje oppover i lia igjen, så høgt ho kjem.

– Vi ser av sporingsdataene at ho aldri har kryssa E39. Ho har heller ikkje vore over til Otterdal, men stort sett halde seg på venstre sida av tunnelinnslaget til Kvivsvegen så lenge ho har vore i Hornindal, seier Meisingset.

Sporinga viser at Kollfrid har funne sine to favorittplassar. Og når ho tek med seg våren i låglandet i Hornindal før turen går til seters, får ho våren ein gong til, med tilgang på planter med høgt næringsinnhald for andre gong på kort tid.

Prosjektleiar: Erling L. Meisingset i Nibio er leiar for prosjektet som handlar om å lære meir om hjorten sine trekk og bruk av areal.

Kollene blir eldst

Forskingsprosjektet for 60 hjort nærmar seg slutten, ved at GPS halsbanda eitt etter eitt ramlar av. Dermed opphøyrer sporinga, medan øyremerka framleis sit på.

– Så dersom ein merka hjort vert skoten, vil vi gjerne ha melding om det. Får vi tilgang på underkjeve slik at vi kan fastsetje nøyaktig alder, er det endå betre.

Meisingset fortel at den eldste hjorten dei har i databasen er 27 år.

– Kollene blir eldst. Ein bukk vert sjeldan over 15 år. Så er det såpass hardt jakttrykk at få bukkar blir over ti år gamle. Og dei fleste hjortane døyr før eller sidan av ei kule. Det er få som døyr av seg sjølv, fortel Meisingset. Som med avslutta hjortemerkingsprosjekt kan seie mykje om korleis hjorten lever – og kvar.

– No skal vi analysere og grave oss ned i kvardagen til Kollfrid og artsfrendene hennar, skrive rapport og dernest reise rundt på foredrag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380