Kor Nøye og solistar imponerte
Kor Nøye med dirigent Kjellaug Oma, og Synnøve Hjellbakk Hole på fele
Folket kom til Sunnylven kyrkje og julekonsert med Kor Nøye, ein konsert som imponerte mange.
-No er jule koma-, brukte ei eldre dame å seie i gamle dagar etter å ha vore på julekonsert med lokale aktørar tidleg i desember i Sunnylven kyrkje. Mange kan seie det same også denne gongen etter å ha høyrd Kor Nøye og solistar søndag 8. desember.
Julekonserten til Stranda-koret vart av dei svært gode og som vil bli huska lenge. Kyrkja var ikkje fullsett, ho rommar rundt 400, men besøket var svært godt. Og opplevinga med kor og dirigent Kjellaug Oma og gjesteartistar var så avgjort verd kveldstimen.
I koret i kyrkja stod eit mannskor vi berre vart imponert over, og i tillegg kom stadig nye solistar med flott song og musikk. Det var ei glede å vere i Sunnylven kyrkje.
Hallstein Kurseth
Med i konserten var fleire gode aktørar som krydra så smakfullt, Programleiar Ellen Beate Wollen kunne introdusere også mange utan om koret, som gode Trine Dyrstad Walsøe med song av Anne Grete Prøys saman med Andreas Lillvold på gitar, og vi fekk høyre Hallstein Kurset med gitaren sin i lag med Askjell Molvær på piano i to songar, Kurset skrytte mykje av den gamle kyrkja i Sunnylven, nesten som å vere i Notre Dam, sa han.
Publikum fekk også høyre bygda sin eigen gode felespelar Synnøve Hjellbakk Hole, både som solist i ein folketone frå Nordmøre, og saman med koret.
Trine Dyrstad Walsøe og gitarist Andreas Lillevold-
Stranda har eit godt mannskor og med gode solistar som imponerte stort, mellom anna med songen Helga natt. Og avslutningssongen My Tribute var fanlastisk, det var som nesten taket i Sunnylven kyrkje løfta seg av songen til Kor Nøye.
Lat det bli ein tradisjon. at Kor Nøye kjem til Sunnylven med julekonsert. Det var vakkert og ei stor førjulsgåve.
Ellen Beate Wollen var programvert under julekonserten i Sunnylven kyrkje