Hendelser

Nær fullsett Sunnylven kyrkje

Svært mange kom til gudsteneste i Sunnylven kyrkje julaftan.

Kanskje så mange som 200 kom til Sunnylven kyrkje på julaftan. Ei minnerik samling for unge og eldre.

Det vart ein vakker time i Sunnylven kyrkje på julaftan i år. Mykje song som gleda og dei mange frammøtte fekk høyre ei historie som fenga.
Gudstenesta julaftan opna med orgeltonar av «reserveorganist Lars Kvam Karbø. Stemningsfullt og vakkert var opninga frå orgelet denne gongen i tonar vi gjerne høyrer fleire gonger.
Karbø sat også ved pianoet og gav tonefølgje til songkoret Fryd leia av Kristin Storstein i to songar.. Vakkert seier vi, og julestemninga seig inn over i den store kyrkja.

Sokneprest Ann Kristin Langeland fortalde om Trommeguten, ei historie som fenga.

Og svært så stille vart det mellom dei mange i Sunnylven kyrkje når sokneprest Ann Kristin Langeland kom i koropninga og tala til forsamlinga, ei forteljing om Trommeguten som reiste landet rundt og fekk oppleve så  mykje. Guten var innom også i våre områder, fortalde soknepresten så levande med trommetakter og korte songinnslag inn i mellom.
Slik kan historier fenge når forteljaren har evner til å formiddle. For det var ei historie, ei forteljing som fenga alle.

Gudsteneste i Sunnylven kyrkje julaftan var godt besøkt, og var avslutta med song og Sunnylven skulekorps i»Deilig er jorden».

Songkoret Fryd gleda, og vart leia av Kristin Storstein.. Ved pianoet sat Lars Kvam Karbø-

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380