NISSESKYTING 2024
Tekst: Ola Vangen.
I kveld har vi haldt juleavslutning for ungdommane våra, som er med på dei organiserte tysdagsskytingane på klubbhuset. Med full rulle og «stinn brakke» frå start til slutt.
Kveldens program var ein ordinær 25-skot med fortløpande Ola Five-skyting (hurtigskyting). Med heile 27 skyttara innom standplass blei det mykje god skyting å følgje med på for dei som venta på tur i publikumssalen. I tillegg til skyting blei det servert lett bevertning med saft, kaffi og julebakst.
Som avslutning på kvelden blei det halden premieutdeling med monge spanade premiar.
Det blei premiert for:
– Eit tidlegare stemne som vi arrangerte i november
– Pokal til skyttaren som endte nærmast poengsummen 199 og 3* (her blei det utruleg nok dødt løp mellom 2 skyttarar, begge med 198 og 0*)
– Pokal til skyttaren som endte nærmast poengsummen 233 og 6*
– Pokal til skyttaren som endte med beste 25-skot
– Pokal til beste Ola Five-skyttar
– Tilfeldig uttrekt lagskyting, med premiering av medaljer i gylt, sølv og bronse
– Medalje, diplom og t-skjorte til dei 8 ungdommane som har gjennomført Skyteskulen gjennom hausten
Vi takkar for det gode oppmøtet og engasjementet som ungdommane har vist gjennom hausten, og håpar vi sjåast over nyttår igjen