Lokalnytt

Ny butikksjef på Coop Marked Hellesylt

Ingvild Parr ved blomsterdisken på Coop Marked på Hellesylt.

Ingvild Parr er tilsett som ny butikksjef på Coop Marked Hellesylt. Ingvild slektar frå Bjørdal i Sunnylven, men er busett på Stranda.

-Det går fint å køyre frå Stranda, seier Ingvild. Det gjode ho også for litt sidan som tilsett i Coop på Hellesylt.
No er ho butikksjef på den største butikken på Hellesylt Her er ho saman med tre andre, Mariann, Doville og Manuel i ein butikk med eit stort vareutval. Der er frukt og grønt. fleire sortar pålegg, vanlege kolonialvare og vaskemiddel. Og i godteriavdelinga er det mykje søtt og smakfullt, spesielt no til jul.
Coop Marked handlar også på spikar og skruar, bygningsvarer og reiskap, for publikum.
På lageret er også mykje godt for kjeledyr som hund og katt, men også for store og små husdyr.

Handelen går bra no til jul, seier Ingvild.
-Vi har mange kundar og prøver å ta kontakt og hjelpe alle, det er viktig for då får vi positive tilbakemeldingar, noko vi ønskjer, seier ho.

-På Hellesylt kjem mange tilreisande, norske og utanlandske turistar. Ein del er her også no, men det er spesielt i april / mai at det aukar på. Då er turistsesongen i gong og vi på Hellesylt får besøk og aukande omsetning, seier Ingvild Parr. Ho gler seg til sommarsesongen igjen.

Ingvild Parr tok over som butikksjef på Coop Hellesylt etter Michelle som flytta til jobb i Volda.
Ingvild trivast i jobben og håper å skape ein god handleplass på Hellesylt, til beste for alle kundar.

Butikksjef Ingvild Parr viser fram også av go`sakene som butikken har å by på.

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380