LokalnyttLokalsport

Ny julefest i Sunnylven kyrkje

Sist helg vart ei stor stund i Sunnylven kyrkje. Og søndag 15. desember blir det meir flott korpsmusikk og kjende og kjære julesongar.

Songkoret har øvd til julekonsert frå tidleg i oktober og er no snart klar til årets julekonsert. Mellom 15 og 20 unge og eldre songarar har møtt på øvingane ein gong i veka. No på slutten blir det nok fleire øvingar vil vi tru.
Måndag kveld og ei veke før konserten starta songøvinga på Sunnylven omsorgsenter med underhaldning for bebuarane. Det vart både julesongar og andre vakre tonar som glede pensjonistane mykje.

Vi kjenner ikkje repertoaret til julekonserten som Koret i Hellesylt skal framføre søndag kveld, men det blir heilt sikkert både julesongar og andre populære låtar. At konserten nok ein gong vil glede dei frammøtte trur vi på..
Dirigent for koret er Kristin Storstein

Også skulekorps

Den andre store aktøren under julekonserten og som skaper stemning er Sunnylven skulekorps. Med sine tonar av kjente julesongar fargelegg korpset desse julekonsertane så vakkert kvart år. Alltid på plass og med mange gode aktørar i korpsrekkene.

Vanlegvis er det korpset som opnar julekonserten i Sunnylven kyrkje. Truleg blir det også slik i år, etter at dei dagen før har hatt samling og spela opp på dei to butikkane på Hellesylt. Dirigent for korpset er som før Trond Otto Berg.

Det blir nok  folksamt i Sunnylven kyrkje søndag kveld 15. desember der publikum får høyre også andre gode song og musikkrefter i Sunnylven.

 

Frå øving til Koret på Sunnylven omsorgsenter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380