Øver til teater 4. juledag
Frå øving med HUL-teatret og instruktørar sist helg. Frå venstre Knut Dag Langeland, Erna Hellebostad, Magne Brekke, Barbro Lade og Jakob Solli Frøysa.
Bak instruktør Per Egil Aske og sufflør Randi Sæter:
Gunnhild Liva Foldal er også med, men var ikkje til stades.
I to månader har HUL-teatret øvd på årets romjulskomedie, «Kjære avdøde» 4. juledag blir det framsyning på Sunnylven samfunnshus.
HUL-teatret er i gong med innstudering av årets romjulsspel. Leiar i teatergruppa, Anita Langeland bekreftar at alt er i rute til den store kvelden 4. juledag.
Skodespelet denne gongen er litt kortare enn vanleg, det varer i ein napp time, fortel Langeland. «Kjære avdøde» er ei komedie, og ho trur det blir mykje moro for publikum også denne gongen sjølv om stykket berre er halvparten så langt som vanleg.
I stykket er det seks roller, tre damer og tre herrar. Dei seks er Erna Hellebostad, Barbro Lade, Gunnhild Liva Foldal, Jakob Solli Frøysa, Magne Brekke og Knut Dag Langeland. Mange av dei er gamle kjenningar frå HUL-scena på Hellesylt og må reknast som veteranar der.
Det har blitt mange øvinar på aktørane så langt, Dei starta opp tidleg i oktober og sidan då har dei samlast to øvingskveldar kvar veke. 4. juledag kveld skal alt vere innøvd, for då ventar ein fullsett sal i Sunnylven samfunnshus på årets romjulskomedie.
Til innstuderinga har dei fått hjelp frå hovudstaden. Per Egil Aske kjem frå Oslo nasjonalteater og var på Hellesylt andre helg i desember for å hjelpe med spelet.
Han er kjent i bygda frå før, for både i 1977 og i 1992 har han vore med HUL-teatret i innstudering av «Med snøkvit og dvergane» og «Stormen» av Shekspeer.
Som sufflør har teatergruppa hyra inn Randi Sæter.
Alt er i rute til 4. juledag i Sunnylven samfunnshus på Hellesylt. Og etter framsyninga blir det dans, får vi opplyst.
Grunna koronapandemien har ikkje HUL-teatret hatt frasyning på fleire år. Sist HUL-teatret var på scena var i 2017, får vi opplyst. I år er revygjengen i ungdomslag på plass igjen 4. juledag.
Randi Sæter og Per Egil Aske hjelper med innstudering av julekomedia «Kjære avdøde».