Rekord på Solsnubading
Det vart ny rekord solsnubadarar på Hellesylt. Heile 35 unge og eldre hoppa i sjøen på badestranda søndag 22 desember.
Det vart ein strålande rekord solsnubadarar på Hellesylt søndag før jul. Det meste tidlegare har vore rundt tjuge, men denne gongen talde arrangøren Hellesylt ungdomslag heile 35. Og alderen varierte frå 11 til godt over 70 år-
Veret på badestranda på Hellesylt var langt frå slik det er når staden har godt besøk om sommaren, men temperaturen med 6.0 grader i sjøen og litt frisk vind såg ikkje ut til å vere ei hindring. Og ungdomen tok like godt sats frå taket på badehuset og hoppa i sjøen. Her var det friske takter av eit friskt folk.
Dei fleste sjøbadarane kom frå Hellesylt og Sunnylven, men også frå nabobygdene. Frå Hornindal kom åtte damer som også fann det moro å ta eit vinterleg sunnmørsbad og etterpå kle seg i nissedrakt.
Og som alle dei andre vart dei påspandert gløgg og pepperkake av arrangøren.
Då var julelauget på Hellesylt unnagjort nok ein gong, i år for 11. på rad. Truleg blir det stort julelaug i sjøen på badestranda på Hellesylt også neste jul, Om det blir ny rekord badarar då, ja det får vi sjå!
.