Skuletime på Gamleskulen
Torsdag var småskulen på besøk i Gamleskkulen på Hellesylt. Her 1. og 2. klasse.
I gamleskulen på Hellesylt vart det fyrt i omnen torsdag. Der var det skuletime for småskulen.
Fyrst inn i den gamle skulestova kom elevar frå 3. og 4. klasse
Lærar denne dagen i gamleskulen var Kari Hauso Stadheim som fortalde om den gamle skulestova og om elevar som har gått der.
Spesielt stille vart det då dei fekk høyre om den unge eleven frå garden Åsen som vassa i djup snø for å kome fram til skulen på Hellesylt.
Også 1. og 2. klasse fekk høyre forteljingar frå skuledagar før, og det vart song både før og etter skuletimen. Spesielt høyrdest det i «På låven sitter nissen».
Alle elevane fekk ein mandarin som gåve etter besøket.
Også 3. og 4. klasse var innom gamleskulen og fekk høyre Kari fortelje.