LokalnyttLokalsport

Solsnubading før jul

Søndag 22. desember klokka 13.00 er det solsnubading i sjøen på badestranda på Hellesylt. (Arkivfoto frå 2022)

Det blir solsnubading  på badestranda 22. desember klokka 13.00, melder arrangøren, leiinga i Hellesylt Ungdomslag.

Som tradisjonen har blitt blir det solsnubading på Hellesylt litt før jul. Den 22. desember er det solsnu, då stig sola på himmelen igjen. Og då feirer Hellesylt Ungsomslag gla`hendinga og inviterer til eit forfriskande sjøbad på badestranda på Hellesylt.

No har det hendt at badet har blitt ekstra friskt, det har vore både vind, regn og snø og temperaturen har vore deretter. Men solsnubading har det blitt, ofte med fram mot tjuge badarar. Dei har imponert og humøret har vore på topp. Og litt varme frå bålpanna på land og ein god, varm kopp med gløgg har hjelpt mykje, vil vi tru.

No inviterer Hellesylt Ungdomslag til ny, tradisjonell solsnubading på nytt den 22. desember, og i sjøen klokka 13.00, Dei håper mange kjem uansett ver og temperatur.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380