Lokalnytt

Stor gåve til «Fristaden»

Frå overrekkinga av gåvesjekken til «Fristaden» frå Gjensidigestiftinga. Styret i samfunnshuset var representert med frå venstre Barbro Lade, Olav Andreas Sætreås, Kristin Storstein og Eivind Louis Helset.
Framme landbrukssjef Inge Bjørdal og Ragnhild Stadheim med gåvesjekken.

Torsdag denne veka var det samling i ungdomsklubben «Fristaden» på Hellesylt. Her fekk dei overrakt stor gåve frå Gjensidigestiftinga for Møre og Romsdal.

Det var som vanleg god aktivitet i ungdomsklubben «Fristaden» på Hellesylt torsdag. I gymsalen til skulen varma 21 ungdomar opp med diverse aktivitetar, før alle vart invitert inn i den minste salen på tako og mineralvatn. Der var ikkje berre god servering, men her fekk dei overrakt ei stor, flott pengegåve, ein sjekk på 47.500 kroner frå Gjensidigestiftinga i Møre og Romsdal.
Det var landbrukssjef i Stranda, Inge Bjørdal som på vegne av leiar Åsne Foldal i Gjensidigestiftinga møtte fram og overekte den store sjekken. Og gåva, ja den vart motteka med stormande applaus som takk frå ungomar og leiarar som var til stades.

Det var Sunnylven samfunnshus som hadde søkt og fekk tilslag på søknaden. Styremedlem i samfunnshuset,  Ragnhild Stadheim fortel at gåva skal nyttast til fleire ting, til glede for ungdomane i «Fristaden». Det skal mellom anna kjøpast inn fleire spel, sa ho. Med andre ord, meir utstyr til aktivitetar på møta som er ein kveld i veka der det også er enkel servering.
-Vi er veldig glade og takksame for den store og flotte gåva vi har fått, la Ragnhild Stadheim til.

Torsdag vart det servert Taco og mineralvatn til alle. Til vanleg er der ein frå styret i Sunnylven samfunnshus til stades på aktivitetskveldane til «Fristaden», men denne gongen var heile styret på plass. Dei ordna med serveringa for kvelden, og rigga opp for filmframsyning etterpå.
Dei skulle sjå ein julefilm som avslutning før dørene vart stengde for kvelden klokka 22.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380