Hendelser

Strålande julekonsert i Gamleskulen.

Aktørar i julekonserten på Gamleskulen. Frå venstre Bjarne Sjåstad, Oddbjørg Stadheim, Olav Elling Gausdal, Jostein Ringdal.

Det var fullsett i Gamleskulen på Hellesylt då musikarar og solist i Fossedur inviterte til julekonsert sjette juledag. Ei stor oppleving for alle.

-Det er lov å danse, sa musikar i Fossedur, Olav Elling Gausdal då han ønska vel møtt til konsert i Gamleskulen sjette juledag. Men dans var der ikkje plass til , for salen var fylt til siste plass av unge og eldre. Dei var komne for å høyre Fossedur, Olav Elling Gusdal, gitar og sang, Bjarne Sjåstad på tangenter, Jostein Ringdal slagverk, og Oddjørg Stadheim som innhyra vokalist.

Og dei frammøtte fekk ei stor oppleving denne juledagskvelden. I halvannan time spela og song aktørane kjende og kjære songar, både knytte til jul og andre poplåtar.
Det vart ei oppleving som mange vil huske lenge.

Julekonserten i Gamleskulen opna med amerikanske tonar, før vi fekk høyre Musevisa, litt rolegare og vakkert, var framføringa av den svenske topplåten Det finaste jag vet., og det same kan vel seiast om låta Aks av gull med Oddbjørg som vokalist.
Og det vart mange fleire, vakre songar dei tre fyrste kvartera av julekonserten, før ein kortare kaffipause servert av leiinga for Gamleskulen.

Etterpå vart det nye kjente og flotte låtar, som Frode Alnes sin Long Desember night, svenske Øpna landskap.,og mange fleire. før konserten vart avslutta med allsong i Det lyser i stille grender.

Det vart ei ugløymeleg kveldsstund i Gamleskulen sjette juledag. Fossedur og dei fire som tok del i den musikalske julegåva leverte, det var så vakkert at vi følte det nesten høyrde heime i ein større konsertsal.
Vi får nok høyre meir frå Fossedur i året som kjem, og om ikkje før så håper vi det blir ny julekonsert på Gamleskulen neste  år.

Det var fullsett i den gamle skulestova under julekonserten til Fossedur, i år som i fjor.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380