Sunnylven Idrottslag med julelotteri
Sunnylven IL er ute med sitt årlege julelotteri. Idrottslaget har også denne gongen tenlege og smakfulle gevinstar som ventar vinnarane.
NB! Sunnylven IL sitt julelotteri varer heilt fram til fredag 20. desember kl. 17.00
Les her kva leiinga i Sunnylven IL skriv om årets julelotteri.
-Set du pris på velstelte merka råser med over 30 trimpostar, eit lokalt treningssenter, egasjerande fotballkampar i sentrum og skiløyper i Hyttehola? Då håpar vi nettopp du kjøper lodd i Sunnylven IL sitt julelotteri.
Ein kan kjøpe lodd i butikkane på Hellesylt. Dei som ikkje har sjans til det, kan kjøpe lodd via VIPPS.
Trekning og siste frist for å kjøpe lodd er fredag 20. .desember kl. 16.00
Alt som kjem inn vert nytta til beste for idretten i Sunnylven. Det er 29 fine gevinstar som vert levert på døra før jul. Vinnarane vert også kunngjort på hellesylt.info. Tenk globalt, handle lokalt og støtt eit aktivt idrettslag! Det er oppfordringa frå Sunnylven Idrottslag.
Vi takkar bidragsytarane for premiar til årets julelotteri!
Premieoversikt
Nr. Gevinst
1 Julemat Ole Ringdal
2 Julemat Ole Ringdal
3 Intersport Stranda – Tursekk verdi 1300
4 Stranda bok og kontor – Se og lær bamse verdi 500kr.
5 Spekepølse Skihelledalen – Levert av Olagarden
6 Spekepølse Skihelledalen – Levert av Olagarden
7 Spekepølse Skihelledalen – Levert av Olagarden
8 Premie levert av Joker. Verdi ca. 500kr.
9 Premie levert av Coop. Verdi ca. 500 kr.
10 Hadeland – 6 stk glass Augustin Porter – Levert av HT BYGG Hellesylt AS
11 Thermos Ståltermos 1,2L – Levert av HT BYGG Hellesylt AS
12 Gavekort Coop 250kr – Levert av Formvac
13 Gavekort Coop 250kr – Levert av Formvac
14 Lakseside frå Norsk Sjømat
15 Lakseside frå Norsk Sjømat
16 Laksestykke frå Norsk Sjømat
17 Laksestykke frå Norsk Sjømat
18 Laksestykke frå Norsk Sjømat
19 Laksestykke frå Norsk Sjømat
20 Laksestykke frå Norsk Sjømat
21 Laksestykke frå Norsk Sjømat
22 Geirangergenser størrelse L- Geirangerfjorden verdsarv – verdi 2250 kr
23 Tova barnetøfler str. 24 – Gerangerfjorden verdsarv
24 Kort Hellesylt treningssenter – verdi 1100 kr
25 Gåvekort frå Hellesylt Boutique & Bar, 300kr.
26 Einerøykt ørret frå Gardskjøkkenet
27 Kasse med Grandiosa 10 stk
28 Kasse med Grandiosa 10 stk
29 Sekk med diverse – Levert av Sparebanken Møre