Sunnylven IL deltok i Markane.
Sunnylven IL deltok med seks løparar i Markane på renn før jul.
Laurdag 21 desember inviterte Markane IL til fyrste kretscuprennet i skiskyting for sesongen 24/25. Her deltok Sunnylven IL med seks løparar.
Av Tarjei Korsbrekke
Trass lite snøv bydde arrangøren på gode løyper og eit vell arrangert renn. Lett yr og 2 plussgrader gav god glid i snøven. På standplass var det stort sett gode forhold, men av og til kom det varierande vind som gav enkelte av løparane ei ekstra utfordring
Sunnylven IL stilte med seks løparar. Sakkarias Helset Ringdal, Emma Korsbrekke, Tuva Marie Korsbrekke, Oskar Ringdal, Trym Helset og Elias Helset.
Denne dagen var det kanskje ikkje det sportslege som var det viktigaste. Arrangørklubben hadde i forkant freista med utdeling av medaljar frå medaljesamlinga til Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Medaljane vart delt ut av foreldra til brødrene. Klemet Bø kunne fortelje at det på sett og vis hadde «hopa seg opp» med medaljar i heimen. Det er heller ikkje fyrste gong dei deler av medaljesamlinga. Dei heldige løparane som fekk tildelt medaljane vart også oppfordra til å ta godt vare på dei, for det ligg utruleg mykje hardt arbeid bak dei. Det vart ei inspirerande førjulsoverraskelse som alle sette stor pris på.
https://www.tv2.no/sport/vintersport/overrasket-titalls-barn-haper-a-gi-et-minne-for-livet/17304602/