LokalnyttLokalsport

Triveleg dag i Sunnylven Pensjonistlag

Nær 70 medlemer møtte fram på julebord i Sunnylven pensjonistlag.

Fredag 13. desember inviterte Sunnylven Pensjonistlag til julebord. I tillegg til god servering fekk dei frammøtte også ei juleprega underhaldning.

Leiar i Sunnylven Pensjonistlag, Astrid Langeland opna julesamlinga og ønska alle vel møtt til julefesten.
Ho siterte Eivind Skeie sin song «Tenn lys» i si velkomsthelsing til knappe 70 i salen på kyrkjelydshuset.
-Advent og jula kjem på årstida då det er mørkast, og vi tenner lys og heng opp stjerna. Vi har noko for alle, vi minnest dei vi saknar, og vi kjem i lag og får treffe andre kjære. Og slik skal vi ha det i dag, sa Astrid Langeland då ho ønska alle vel møtt til julebord på kyrkjelydshuset.

Der vart det nær tre gilde timar nok eit år med god servering, underhaldning og til slutt trekking av laget sitt julelotteri.

Serveringa var varm og god julemat. Også i år var det Smak i Stryn som stod for levering av alt ein julemiddag skal ha, pinnekjøt, poteter, kålrot, surkål, ribbe, kokmør og meir. Her var noko for ein kvar smak, og maten gjekk unna. Det var eit rikhaldig julebord, og dei som ville kunne forsyne seg meir enn ein gong.
Etterpå var det dessert og kaffi.

Ann Kristin Langeland

Fjordapresten Ann Kristin Langeland var også til stades på førjulsfesten og kom med gode ord. Ho minte om høgtida som står føre, og om hendinga med Jesus-barnet som vart fødd for meir enn totusen år sidan.
-Akkurat no blir det fødd barn i Norge, i Ukraina og andre stader i verda. Det krev noko av oss alle. Kanskje har vi eit ord, ei ledig hand som kan vere til trøyst for dei, Det kan vere ei hjelp i ei vanskelege stund, vi må aldri, aldri gje opp.
Måtte julehøgtida bli fin for oss alle og med fred i verda, sa fjordapresten Ann Kristin Langeland.

Knut Hanssen og Bjarne Sjåstad underheldt med song og musikk.

På julesamlinga i Pensjonistlaget var det også musikalske innslag. Dei stod Knut Hanssen og Bjarne Sjåstad for.
Med gitar og på tangentinstrument spela Hanssen og Sjåstad fleire songar som festlyden takka for med applaus. ..

Til slutt på julesamlinga i Pensjonistlaget vart det delt ut gåver til eldre personar i laget, til 70. 80. og 90-årimgar.
Dei som fekk gåver var;
90 år; Kirsten Gjørvad
80 år; Magnar Bjørdal, Ivar Bjarne Tronstad, Rasmus Taraldset.
70 år; Gunvor Kleppe, Rune Fannemel, Per Kristian Frøysa.

Leiar i Sunnylven pensjonistlag, Astrid Langeland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380