Lokalnytt

Triveleg tur til nabolandet

Knut Hanssen hadde med gitaren sin og både spela og song.

For andre gong la Sunnylven pensjonistlag ut på tur til Chalottenberg i Sverige. Ein vellukka tur på alle måtar, seier leiar i laget Astrid Langeland.

Alle foto: Privat.

Med Sverre Jan Rønneberg og buss frå Ingers Trans la 28 pensjoniastar frå Sunnylven pensjonistlag ut på sin hausttur til Chalottenberg i nabolandet. Tre dagar seinare var alle heime på gamle trakter igjen etter ein fin og vellukka tur, fortel leiaren i laget, Astrid Langeland.
Det var grått og ruskete ver då turen starta måndag, men så vart det betre og heimturen var fin, seier ho.

Alle kom trygt fram til hotellet i Chalottenberg måndag kveld. Der vart det god middag og avslapping resten av kvelden.
Dagen etter var fri for private gjeremål, og ein del handel vart det av fleire, før ny samling om kvelden der Knut Hanssen hadde leita fram gitaren og underheldt med song og spel. Ei rett så triveleg kveldsstund i nabolandet, seier Astrid.

Slike turar går fort, og dagen etter var det heimreis. Det vart stopp på Magnor glasverk og middag på Dombås før alle var trygt heime igjen litt ut på kvelden onsdag.
Astrid trur alle hadde ein fin tur, og ho rosar sjåfør Rønneberg for trygg køyring,, og ein hjelpsam og smilande sjåfør.

Til slutt i praten vår med leiaren i pensjonistlaget minte ho om laget sitt julebord som er fredag 13. desember på Sunnylven kyrkjelydshus.
Det er god påmelding, men frammleis ledig plass om nokon vurderer å delta, sa ho. Påmeldingsfrist er 10. desember.

Sverre Jan Rønneber, trygg og hyggeleg sjåfør på Sunnylven pensjonistlag sin tur til Chalottenberg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380