Dagens BildeLokalnyttSommardagar på Hellesylt 2013

HUL-teatret med ny framsyning-

HUL-teatret viser romjulsspelet på nytt 25. januar.

Laurdag 25. januar viser HUL-teatret på nytt skodespelet «Kjære avdøde» som vart framført 4-juledag i fjor.

Besøket var svært godt 4- juledag då HUL-teatret viste komedia
No viser teatergjengen på nytt komedia laurdag 25. januar. Dei håper mange kjem også då, til mykje moro frå scena.

Dei som er med i stykket er Barbro Lade, Gunnhild LIva Foldal, Erna Hellebostad, Jakob Solli Frøysa, Magne Brekke og Knut Dag Langeland.

Sunnylven Pensjonistlag med kafe

To timar før framsyninga inviterer Sunnylven Pensjonistlag til møte`i den vesle salen på samfunnshuset. Der byd laget på servering, godt prat og loddsal.

Begge arrangørar ynskjer vel møtt til ny, triveleg kveld på Sunnylven samfunnshus laurdag 25. januar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380