Lokalnytt

HUL-teatret viste «Kjære avdøde» på nytt.

Aktørar i HUL-teatret; Frå venstre Jakob Solli Frøysa, Erna Hellebostad, Magne Brekke, Gunhild Liva Foldal, Knut Dag Langeland og Barbro Lade. 

Laurdag 25. januar var det reprise på HUL-teatret si romjulsframsyning «Kjære avdøde. Mange kom til Sunnylven samfunnshus og fekk ein triveleg kveld.

Etter seks år utan skodespel var HUL-gjengen igjen på scena i romjula. Det vart ein suksess for fullsett sal som dei same gjorde reprise på laurdag 25. januar.
Dei seks aktørane på scena var; Barbro Lade, Erna Hellebostad, Gunnhild Liva Foldal, Jakob Solli Frøysa, Magne Brekke og Knut Dag Langeland.

Teaterframsyninga i Sunnylven samfunnshus laurdag vart på nytt ei morostund for vel halvfull sal.
Dei seks aktørane gjorde ein flott jobb med spelet som var ei akt og varte ein knapp time.
Vi tek med litt av innhaldet her;

-Det var sorg i huset mellom snære slektningar etter at gamle far i huset hadde gått bort, trudde dei.
Det vart snakka både om han og deling av arven.
Men brått stod gamle far i døra, like frisk og kjekk som før. Han hadde hatt ei lang og god middagskvild,

No vart det andre planer frå arvingane om det dei trudde dei skulle få etter han. Det enda med at gamle far ville gjere om på testamentet han hadde skrive.
Han ville gifte seg på nytt med ei lokal gjente-

Frå venstre Erna Hellebostad, Barbro Lade, Jakob Solli Frøysa.

Det vart ei morostund med HUL-teatret nok ein gong. Sjølv etter opphald på mange år er teaterlivet godt levande på scena i Sunnylven samfunnshus igjen.
Dei seks aktørane og dei mange i støtteapparatet rundt gjorde jobben så flott og triveleg for dei mange frammøtte. Alle gjorde jobben nok ein gong, så utan å nemne namn vart det ein triveleg kveldstime for dei mange i salen med HUL-teatret.

Gamle far er nettopp vakna etter middagskvilda og komen i stova.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380