Lyskunstfestival i Geiranger i februar
Frå midten av februar og i ei veke er det Lyskunstfestival i Geiranger. Vi har fått denne orienteringa om festivalen.

14.februar startar Geiranger lyskunstfestival, ei utstilling som er gratis og opa til og med 23.februar mellom 18.00 og 22.00.
I alt 14 kunstverk vert presenterte i utsillinga som startar ved Fjordsenteret, Union og Vinje og strekkjer seg heilt ned til sentrum og fjorden.
Det er også mange opplevingar undervegs i festivalen: konsertar, historiekveldar og meir.
Ferga går til og frå Hellesylt frå og med 13.februar, og laurdag 15.februar har den også ein ekstra kvelds-avgang kl 20.30. Heilt perfekt for Sunnylvingane! Den dagen skal den kjende Blåsemafian ha konsert på ein spesiell og spektakulær arena, nemleg på dekk på MF Veøy. Det blir kjempekult! Dette skjer medan ferja ligg til kai i Geiranger,
Sunnylven skulekorps tek del
Blåsemafian har invitert med seg to lokale skulekorps til å spele med. Når dei spelar opp til siste låt, får dei med seg Sunnylven skulekorps og Eidsdal musikkorps på scena. Det kjem til å ta heilt av!
Korpsa har fått notar og er godt i gong med førebuingane til det som blir ei stor oppleving.
Musikarane i Blåsemafian har sjølve korps-bakgrunn, og er veldig opptatt av å motivere og inkludere unge korps-musikarar.
Også mykje anna under festivaldagane
Av andre ting som kan opplevast undervegs i festivalen er kulturkveld i kyrkja med historikar og forfattar Øystein Ekroll saman med musikar Kristina Farstad Bjørdal 16.februar.
Det blir konsert med Anita Valderhaug og Bjørnar Myhr på Union 20.februar, og irsk festkveld på Gildetun laurdag 22.februar.
I kyrkja blir det Lysvesper 23.februar. Lysvesper var ein kjempesuksess i fjor, der vi har med oss dyktige songarar og profesjonelle musikarar.
Ann Kristin Langeland er programleiar.
Vi håpar at lyskunstfestivalen kan vere av interesse for mange frå Hellesylt og omegn,- skriv Gunnar Inge Eide i omtalen