BilderGamle BildeLag og organisasjonarSommardagar på Hellesylt 2015

Regjeringssamarbeidet mellom Ap og Sp tok slutt

Statsminister Jonas Gard Støre t.v. og finansminister Tygve Slagsvol Vedum var på Hellesylt i september i fjor då hydrogenfabrikken vart offisielt opna

Torsdag 30. januar vart det brot i regjeringssamarbidet mellom Arbeiderpartiet og Senterpartiet. Usemje om energipakke til Eu var årsaka.

Det har vore semje om mykje i samarbeidet mellom Ap og Sp i regjering. I over tre år har dei to partia styrt i regjering og styrt Norge godt. Dei to har løyst saker på god måte til beste for dei aller fleste i landet.

No kom ei sak på bordet dei to partia ikkje var samde om. Energipakken mot EU vart for vanskeleg for Sp å godta.
Dermed og etter fleire dagar med forhandlingar vedtok partia å avslutte regjeringssamarbeidet for denne gong.
Kor hardt dette vil slå ut på næringsliv og for folk flest såg partia på med bekymring.

Dermed vart det regjeringsbrot. SP går ut og Ap held fram som mindretalsregjering.
.- Vi gjer det for at alle i landet, bedrifter og folk flest skal få sikre og lave straumprisar, og vi vil ikkje gje frå oss meir makt til EU, sa Sp-leiar Trygve Slagsvoll Vedum-
Og Marit Arnstad i Sp var samd. Dettte er eit brot i målet om lavare og like straumprisar i landet, sa ho.

Etter nesten 3.5 år er det dermed slutt for Senterpartiet i regjering saman med Arbeiderpartiet, for denne gong. Om dei kjem tilbake og ilag igjen etter haustens val, ja det får vi sjå.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380